k, og dei som har padla mykje, men aldri heilt lært seg teknikkar og redningsteknikkar skikkeleg. Dersom du har lyst å gå kursstigen til Noregs padleforbund så må du byrje med grunnkurset. Alle vil ha mykje igjen etter eit slikt kurs.Våre dyktige instruktørar sørger for at du som er heilt ny opplever kurset som trygt og sikkert samstundes som dei som har padle ein del før garantert lærer noko nytt. Me padlar i våtdraktar på våre kurs, dersom du ikkje har eigen kan du leige. Du kan sjølvsagt også leige kajakk og alt du treng av utstyr hjå oss. Kurset varer 14-16 timar.Alle kan læra seg å padla på eigen hand, men ved å ta eit slikt kurs slepp
du å gjere farlege tabbar og du får ein svært bratt læringskurve heilt
frå starten.
Unngå farlege feller og lær deg heller korleis du skal behandle utstyr, manøvrere kajakken og padle trygt allereie no!
Alder:
Aldersgruppa spennnar seg frå 13 år
til langt over fylte 60!
Innhald:
Les meir om innhaldet i kurset på NPF sine sider.
Kommentar til innhaldet:
På kurset skal ein bla. læra å velta, kome seg ut og hjelpe kvarandre oppi igjen. Dette er kanskje ein del mange gruer seg til. Det er det ingen grunn til. Det er ingen problem å komme seg ut av en veltet kajakk og ein har på seg både våtdrakt og vest som sørgjer for at ein flyt særs godt. Me vil ikkje at nokon skal bli skremt så dersom du gruer deg veldig så si det til oss når du møter så sørgjer me for at du opplever det som trygt. Ellers er dette ikkje eit kurs i å padle langt særs fort. Kurset blir lagt opp slik at alle skal følgje og at alle ikkje minst skal ha det kjekt i kajakken!
Pris:
2500,- inkl. utstyr
Meld deg på allereie i dag!
Trykk her for påmeldingsskjema








