Me arrangerar eventyr i heile Rogaland. Guida turar kor du og din bedrift kan bli med! De treng ingen bakgrunn frå havkajakk for å bli med. De får enkle havkajakkar, og me padlar i eit slikt
tempo at me får nyte livet på sjøen maksimalt. Ta kontakt for ein prat, me kan ordne turar, kurs og kveldsøkter rundt omkring i heile Rogaland!
Les meir om stadane me har arrangert kurs og guida turar under. Turane nedanfor er kun meint som forslag, me er fleksible og legg ned mykje arbeid for at du og din bedrift skal bli nøgd!
Referansar:
Statoil – guida padletur, Rennesøy
Aker Solutions – grunnkurs, Lundsvågen
Force Technology – utvida introkurs, Lundsvågen
Conoco Phillips – tre grunnkurs, Lundsvågen
Aker Solutions – grunnkurs, Fister
Statoil Hydro – padledag, Revsvatnet PreikestolhyttaTotal – guida padletur, Borgøy
Norsk Stein – grunnkurs, Jelsa
Suldalsposten – guida padletur, Borgøy
Statoil Hydro – to padledager, Spa Hotell Velvære
Haugaland Vekst – guida padletur, Borgøy
Fister (40 min frå Tau) – heilt ved sjøkanten kan gruppa bu og setta seg rett i kajakkane som ligg på brygga. Området er glimrandes til å ha nybegynnerkurs og guida turar.
Borgøy (45 min frå Haugesund) – her på denne bilfrie og fredfulle øya kan din bedrift arrangera kurs og koferanser samt overnatte på nydelige hytter med alt de treng etter ein dags padling. Maten Borgøy Fjordkonferanse AS er i mesterklasse. Me stiller sjølvsagt med kajakkar for kurs og guida turar.
Lundsvågen ( 10 min frå Stavanger) – Me samarbeider med Lundsvågen Naturskule og kan tilby eit sentrumsnært tilbod til dei som fyrst og fremst vil padle og byggje samarbeid.
Jørpeland – Ein nydeleg stad å padle, holmane rett utanfor Vågen er perfekte rammer for nybegynnerkurs.
Anna – Me har òg hatt firma på guida turar og kurs på vatnet ved bla. Preikestolhytta, Jelsa og Spa Hotell Velvære (Hjelmeland). Har du og din bedrift andre ynskje er det berre til å ta kontakt!









