Strandhugg

Strandhugg

Tryggleik

I vår regi....skal du være trygg. Me i Ryfylke Kajakk AS set tryggleiken din øverst på våre kurs. Me har ein streng HMS som instruktørane våre følg. Alle instruktørane våre er godkjende Aktivitetsledere Hav gjennom Noregs padleforbund sin kursstige. Mange av oss har også høgare padleutdanning, anten gjennom det norske systemet eller gjennom britiske BCU. Me bruker topp utstyr og sørgjer for å legge opp kurs og turar slik at alle får ei trygg og god oppleving.

Padling  – ein aktivitet med risiko
Diverre skjer det årlig dødsulykker knytta til padling i Noreg. Dei fleste ulykkene skjer etter alt å dømme som følgje av dårleg planlegging og feil bekledning. Me pleier ikkje å anbefale folk å padle stader der det er sannsynleg at dei kan kome til å velte, aleine. Det hjelper sjølvsagt ikkje å padle i slike forhold saman med andre om gruppa ikkje har øvd på redning i dei rådande forhalda. Me liker denne anbefalinga fordi den tek høyde for ulik erfaring og ulik planlegging. Ein nybyrjar bør ikkje padle aleine, sidan det er sannsynleg at han/ho kjem til å velte. Ein meir røynd person må kjenne til sine eigne grenser og planlegge turen særs godt om ein skal padle aleine.

Når det gjeld bekledning anbefaler me at ein bruker våtdrakt eller tørrdrakt. Fram til juni/juli er vatnet her på Vestlandet så kald at faren for nedkjøling (hypotermi) er tilstades enn om sola skin. Kle deg etter vanntemperaturen, ikkje etter lufttemperaturen! Alltid bruk godkjent flytevest.

Planlegg turen godt, sjekk vermeldinga, gje beskjed kor de skal padle og når de tenkjer å være tilbake. Ta med tørt skifte, mobiltelefon i vanntett beholder og nok mat. Og hugs for all del at det ikkje er nok å ha lest om ulike redningstyper, eller sett video/bilder. Sikker padling krev øving i dei forholda ein ynskjer å padle i. Me anbefaler derfor alle å gå på kurs, eller bli med i ein padleklubb kor ein kan få øve på redningsteknikkar og padle saman med andre kompetente padlare.

På våre kurs vektlegg me tryggleiken og redningsteknikkar slik at me er sikre på at alle deltakarane ikkje berre har sett korleis ein redder andre og seg sjølv, men faktisk prøvd det. I tillegg har me eit ynskje om å bevisstgjere våre kunder slik at dei forstår risikoen ved padling og at dei sjølve kan ta gode, trygge vurderinga.

Lykke til, me padlast!