Me held kurs i heile Rogaland!
Ryfylke Kajakk har hatt over 1500 glade padlere på padlekurs, me gjer alltid vårt beste for at du som kursdeltakar skal få den beste opplevelsen og lære mest mogleg. Me arrangerer padlekurs frå både Noregs
Padleforbund (NPF) og eigne kurs. Du kan klikke deg inn på kvart av kursa nedanfor og lese meir om padlekursa. Dersom du aldri har padla før eller ikkje tatt kurs er det naturlege startpunktet, dersom du ynskjer å gå på kurs, grunnkurs. Introkurs er rett og slett ein så kort intro at me anbefaler alle å gå rett på grunnkurs.
Frå NPF sin kursstige arrangerer me:
Havkajakk
– Introkurs
- Grunnkurs (tidlegare nybegynnerkurs)
- Teknikkurs
- Aktivtetsledarkurs
Elvekajakk
– Grunnkurs elv
Andre kurs
- Steinhinkarkurs
- Eskimorullekurs
- Individuelt tilrettelagde kurs innan havkajakk. Ta kontakt for meir info.