Strandhugg

Strandhugg

Kurshaldarane

Alle kurshaldarane Ryfylke Kajakk er utdanna anten Veileder Hav, eller Aktivitetsleder Hav i Noregs Padleforbund (NPF). Forutan inngåande padlekunnskap kan me svært mykje om fjordane me padlar i.  
På kurs hos oss skal du ikkje bare vere i trygge hender – du skal ha det moro og våge å kaste deg ut i ukjent farvatn utan å vere redd for å dumme deg ut.”
   
Torbjørn Stuvik Bjelland 

Torbjørn(1984) har padla i mange år og er utdanna Veileder Hav, siste steg på NPF sin kursstige. I tillegg skriv han litt for det norske magasinet Padling og held nokre kurs på  oppdrag frå NPF. I vinterhalvåret studerer han på lærarhøgskulen i Bergen. Han har blant anna studert marin historie og marine økosystem ved Universitet i Bergen. Han har hatt nesten to hundre glade padlere på nybegynnerkurs. I tillegg har han guida eit ukjent antall i nærkontakt med elementa.     

   Gjett kven Ragnhild er :)

Ragnhild Alsvik

Ragnhild (1985) kjem frå Jørpeland og er utdanna aktivitetsledar hav gjennom NPF. Ho nyttar ein kvar anledning til å vere ute og på vinteren er det forutan mykje padling telemarkøyring som står sentralt. Ho har studert friluftsliv i Volda og hebraisk (!) på NLA i Bergen. Ragnhild trivs best utpå havet der ho kan nyte Guds frie natur og kjenne vind, bølger og salt på kroppen.  Ho skapar alltid topp steming på kursa ho held og er kjent for sine uttallige leikar som ho gjerne deler.    

 
Eivind Aadland      

Eivind kjem frå Nedstrand heilt nord i Ryfylke. Ulike former for friluftsliv har vore ei sentral interesse i lang tid, og inngår også i utdanninga. På grunn av stor interesse for ski og vinteraktivitetar, har han budd fleire år i Sogn, men tek turen til Nedstrand og kysten så ofte som råd. Dei siste tre åra har han padla mykje, og likar både korte og lengre turar i alt av vær Noreg har å by på! Eivind er ferdig med ei masteroppgåve innan idrett ved Høgskulen i Sogndal og jobbar no som doktorgradstipendiat ved skulen. I tillegg til å vere Aktivitetsledar Hav har han tatt Videregåande hav hjå NPF og held nå på med siste trinn, Veiledar Hav. Eivind er ein særs dyktig instruktør, han har dei fleste pedagogiske triks godt innunder huda. Han er teknisk flink, padlar mykje, og er sterk. Du får refundert heile kursavgifta dersom du klarer å padle frå Eivind på kurset….