Eit teknikkurs passar for deg som vil utvikle deg i kajakken. Du må ha tatt Grunnkurs/nybegynnerkurs for å få delta. Me terpar vidare på teknikkane frå Grunnkurset (nybegynnerkurset). Me lærar fleire teknikkar både for svinging og redning. Framdriftstaket blir nøye gjennomgått slik at ein kan padle meir effektivt. Meir moro med andre ord!
Dette er andre steget på NPF sin kursstige.
Les meir om kursinnhald på NPF sine sider.
Eitt teknikkurs varer 14 timar
Pris:
2500,- inkl. utstyr
Utstyr:
Du bør ha med deg eiga taueline. Dersom du ikkje har det så ta kontakt.
Datoer for kurs
Vel møtt!








