Strandhugg

Strandhugg

Rundt Utsira

«Et samfunn i vinden» – Teksten står over kommunekartet som heng på ferja, eller båten. For det er ikkje ei vanleg bilferje me tar for å komme over til Utsira. Bildekket er heilt lukka og me byrjar turen med å rygge inn i båten. Å finne kaien kor båten skal gå i frå er heller ingen lett sak, me har rekna god tid, og det trengs. Meg og Raghild Alsvik ender opp med å køyre heilt ut til bommen utan å oppdage at dei bilane som stod parkert på måfå på høyre sida faktisk var ferjekøen. Ikkje kom og sei at ikkje Noreg kan ver eksotisk…

Ein stille dag på Utsira

Me er heldige med veret denne helga midt i mars. Fleire av dei fastbuande me møter flirer og seier at me skulle ha vore her ein vanleg dag. Det ligg litt mellom linjene at dei tvilar på at me hadde fått padla noko særleg då. Øya ber preg av at vinden tar tak her ute, av skog er der er kun eit par planta granfelt. Ellers er det lyng og einar som prøver å dekkje den lyse granitten. Når me køyrer for å finne DNT si hytte på øya oppdagar me plutseleg at me har kryssa heile kommunen. Me har køyrt i to minutt og endar opp med å måtte snu. Utpå kvelden på laurdag får me høyre at hytta til turistforeningen brant ned i desember i fjor. DNT skal få bruke nokre av dei få husa vest på øya innan dei ordnar noko eget. Fredag kveld endar me opp med å slå opp teltet ved sida av det me trur er hytta til turistforeningen.

 

Spannanes

Me sovnar medan regnet hamrar på teltduken og våknar av at nokon har satt på varmen og skrudd på lyset. Etter ein lengre frukost ved Klovningens landhandel, som no er blitt Joker, har me fått vore på toalett, fylt opp vannflasker og fått kjøpt proviant. Turen går vestover frå Sørevågen, fine slake dønningar frå gamalt uvær ute i Atlanteren fører oss opp og ned med jamne bevegelsar. Den klåre havlufta er full av skarv og krykkjer, eit par uidentifiserte gjess lagar stor ståhei i det dei passerer. Det skal visstnok vera observert over tre hundre forskjellige fugleartar på øya. Utsira minner, ikkje uventa, mykje om Kvitsøy. Men det er tydeleg at dei her ikkje er så vante til båtturistar her ute. Til det ligg nok øya for utilgjengeleg til. Me klarer iallefall ikkje å finne nokon gjestebrygge eller sanitetsbygg, men folka her ute er venlege og pratsomme. Kysten er bratt og full av enorme steinblokker, slipte, sleipe, svarte steinar. Det er ikkje lett å gå i land med kajakk, iallefall ikkje på vestsida av øya. Heilt sørvest er det spredt store steinar utover som byr opp til spanande padling, me tek på oss hjelmar og lett oss svinga mellom smale sund. Området her heitar forresten Spannanes…

Måsedun
Det er to havner på Utsira, ein i nord og ein i sør. På vår tur rundt øya finn me kanskje berre ei handfull andre egna stadar å gå i land med havkajakk. Etter to timars padling er me komne til Nordavågen. Dei siste tjue minutta har det gått seint framøve. Me har padla meir med augo enn med årene. Kysten her vest har gøymt skvalpeskjær på skumle stadar og me må ofte stagge og kikke nøye på kart og sjølandskap for å velge den rette ruta. Me er glade det ikkje er meir sjø enn det er. På vestsida slit me med å sjå horisonten på grunn av dønningane. Eg meiner det var ein engelskmann som fortalte meg at det tydde på at dei då var omlag ein meter høge. Å gjette bølgehøyde over dette skulle visstnok kun vere skrøyt til festen om kvelden.
På vestsida av øya er det omtrent ikkje hus. Inntil 2004 var fyret her ute bemanna, men er nå blitt automatisert slik trenden har vore dei seinare tiåra. Svartbaken her ute er stor og feit, det er nok mat i sjøen. I gamle dagar brukte dei å fange måser og bruke fjøra og dunet til å fylle dyner og puter. Kommunen har restaurert to slike steinhytter som dei brukte som feller.

 

Himmeriksboen

Etter å ha passert Nordavågen roar bølgene seg litt og vinden som i utgangspunktet var svak blir nå til eit herlig pust av hav. To store vindmøller som Hydro har fått bygd strekk seg opp mot den blå himmelen over oss, blada sig sakte rundt. Vindmøllene er tilknytta eit hydrogenanlegg som tilsaman forsyner ti hustandar med strøm. Eg kan ikkje anna enn å undre meg over korleis dei har klart å bygge desse kolossane ute blant stein og sleipe svaberg. Magane rumlar og me har padla trekvart av runden rundt kommunen. Me har brukt i underkant av tre timar og me startar å leite etter ein plass å ha lunsj. Like innanfor Himmeriksboen som ber sitt navn med rette finn me ei idyllisk lita vik. Her er forsatt fullt av store steinblokker, men her er dei krittkvite. Me finn ei lita rullesteinstrand. Stranda er tre-fire meter brei og steinane store og runde som fotballar. Her inne oppdagar me kvifor me til nå ikkje har sett noke til rekved. Tjue meter inn på land, mellom store steinar og nedi djupe kløfter ligg plankane kilt fast. Me slår nok ein gong fast at bølgene her ute pleier å vere større enn dei er i dag. Seinare på kvelden prøver me å finne stranda att, denne gong med apostlanes hestar som transportmiddel. Sjølv om ein klår måne smiler skjeivt og prøver å hjelpe oss må me gi opp. Me nøyar oss med toppen av ei gigantisk steinblokk og fyrer opp eit lite bål av rekveden me finn rundt oss. Siste etappe inn til Sørevågen går knirkefritt. Medan sola held på å gå ned vest i havet og me nynnar på Tirna`noir sit skarven og varmar seg i lune fjellhyller. Me får tid til å leike oss litt mellom steinar og skjær før me sig inn til land. På kvelden, etter bakte poteter på bålet endar me opp med å helsa på ein del av dei fastbuande på Dalanaustet. God stemning og nydelege lokaler gjer sitt i ein litt sliten kropp. Neste gong me kjem her ut skal me på same naustet og gå for kjøpmannens anbefaling: torskefilèt på nederlandsk vis.

 

Denne artikkelen vart første gong publisert i bladet Padling.

Kommentarar ikkje tillat.