Strandhugg

Strandhugg

Padleturar i Suldal

Ryfylkevegen går mellom fjordar og fjell. Frå vegen ser me berre skinet frå skattane som ligg gøymt, for å sjå sjølve skattane må me bort frå vegen og inn i naturen. I ein havkajakk kan ein sige sakte inn under eit rotvelta tre medan to store hegrar sit og fiskar på andre sida av sundet. Ein kjem ikkje nærare vatnet utan å legge på svøm. Dersom ein skulle kome ut for ei regnbyge kjenner ein seg straks liten, ein kan høyre dråpane treffe sjøen og tida staggar liksom litt. Stopp opp, lytt til stilla og merk korleis kajakken smyg seg fram mellom holmar og skjer.

Å padle treng ikkje vere meir farleg enn å gå på tur i fjellet. Ein må planlegge tur etter evne, kle seg etter været og ikkje minst temperaturen i sjøen. Mange padleulykker kunne vore unngått dersom ein fulgte desse enkle huskereglane. Å kle seg etter temperaturen i sjøen betyr at ein ofte må bruke våtdrakt når ein padlar i Ryfylke. Det kan vere litt klamt, men ein klarer seg om ein skulle velte og kjem bort frå kajakken. Shorts anbefalast ikkje utan til dei som er både dyktige padlare og svømmare. Før ein legg ut på tur bør ein kunne kameratredning. Eit godt tips er å dra ut på tur saman med meir erfarne padlare eller å spandere på seg eit kurs i havkajakk. Det er kjekt å beherske redningsteknikkar og mestre å få kajakken dit ein vil.

Fugleparadiset Foldøy må opplevast frå havkjakk. Pass på og få med deg solnedgongen! Ein kan anten ta med kajakken på ferja frå Jelsa/Hebnes, eller starte frå dei same stadane. Frå Jelsa tek det ein halv time å padle over. Ytterst på Foldøy er det fuglereservat og ein må vere forsiktig og fylgje skilta som seier kor ein kan gå i land når fuglane hekkar. Når ein padlar nær land er ein ikkje berre trygg, men ein får ta del i eit yrande liv. Tjeld som prøver å åpne blåskjell med sitt raude nebb, elegante terner som meistar flygekunsten til fulle, for ikkje å gløyme all fisken som driv å leitar etter mat i tareskogen. Dersom ein er heldig får ein kanskje eit glimt av kongen av Foldøy, havørna.

Å kombinere guida naustbesøk på Israelsneset og padling i Høyvikområdet kan sterkt anbefalast. Her er perlene lagt ut på ei snor og det er berre til å plukke. Det må allikevel nevnast at det kan vere ein del straum i området og at det er ein del rutetrafikk i fjorden.

Økstrafjorden har mange båtturistar alt oppdaga, men det er plass til fleire. Det beste er å starte frå kaien på Foreneset. Istadanfor å padle rett bort til dei idylliske Skarsholmane er det absolutt verdt å ta turen inn til Saga, innst i fjorden. Ta med fiskesnøret, sett på ein spinner og dorg innover fjorden, så har du kanskje fiksa sjøauren til kvelds.

God tur!

Kommentarar ikkje tillat.