Strandhugg

Strandhugg

Kjøp av kajakk

Å gå til innkjøp av din første kajakk kan vere vanskeleg, iallefall dersom du ikkje er av typen som bare går for det første du finn i den første butikken du går inn i. Det fins utruleg mange forskjellige merker og modellar å velge mellom. Denne vesle guiden handlar om havkajakkar. Det utelukker alt som ikkje har minst to vanntette skott (for at den skal flyte om du velter) og skikkelig dekksline (i tilfelle uhellet er ute og du må bli redda av ein medpadlar). Guiden representerer mine personlege synspunkt som instruktør og kajakkentusiast.

Det første du må tenke på er:

1. Kva skal du bruke kajakken til?
Svaret på dette spørsmålet bør få relevans for ditt val av kajakk.  Skal du gå langrenn kjøper du langrennski, ikkje alpinski. Vil du sykle i terrenget kjøper du ikkje ein racersykkel.

Ønsker du å padle fort? Då må du i såfall sjå etter ein kajakk som er over gjennomsnittet lang. Med det meiner eg godt over fem meter. Her er me komt til første viktige punkt. Jo lengre kajakken er, jo raskare kan den teoretisk bli padla. Legg merke til at ein lang kajakk ikkje er rask, det er bare teoretisk mulig å padle den raskare enn ein kortare. Farten du oppnår i kajakken er først og fremst begrensa av deg sjølv. Ein slank kajakk vil også gi deg ein teoretisk raskare kajakk. Når det er sagt, er ikkje denne guiden først og fremst for dei som kjøper sin andre eller tredje kajakk. Dersom du er ny vil du sette pris på å kunne sitte avslappa i kajakken. Ein lang slank kajakk, (typiske mål alà 560 cm lang og 52cm brei) vil ikkje bli oppfatta som særleg rask av den enkle grunn at du som nybegynner har meir enn nok å halde deg i balanse. Eg seier ikkje at du som ny treng ei balje, men at dei mest hardbarka treningsmodellane kanskje bør være ditt andre kjøp.

Ønsker du å padle på overnattingsturar? Dei fleste havkajakkar har nok plass til bagasje for dei fleste behov. Iallefall for tre-fire dagers overnattingar, dersom du er rutinert å pakke kan du fint klare deg lenger også.

Ønsker du å leike og surfe i bølger? Då blir det sjølvsagt ein kortare kajakk som er tingen for deg. Eg likar denne delen av padling best og har ein kajakk som er 4,88m lang. Den heng litt igjen når eg padler framover og dei fleste drar forbi meg på veg ut til bølgene (ja, eg veit eg nettopp sa at det først og frems kjem an på padlaren..) Men du og du som den tar det igjen når eg kjem meg ut, snurrar rundt på ein femøring og er kjapp opp i akselerasjon.

Ønsker du pose og sekk? Ingen kajakk som hittil er lagd er veldig rask og samstundes særs lett å manøvrere. Det fins ein del gode kompromiss. Men ingen kan nok dessverre skilte med topp egenskaper på begge felt. Det er nok i strid med naturlovene.

2. Plast eller glasfiber?

Dersom du av forskjellige grunner treng ein lett kajakk kjøper du ein i glassfiber eller karbon. Vær obs på at kvaliteten på komposittmateriale varierer veldig og at iallefall eg ikkje har kjennskap til kajakkar lagd i det materiale som faktisk tåler ein god støyt til under 20.000,-

Dersom vekt ikkje er av betydning (dersom du padler saman med andre f.eks) kan du velge mellom plast eller glassfiber. Trelags plast er meget stivt og tåler alt. Har du ein plastkajakk kan du måke den rett opp på land, låne den ut til barn, ja kva som helst utan å være redd for den. Glassfiber er hakket lettare og stivare. Personlig likar eg best  glasfiber, den gir meg meir respons og sidan glassfiber er lettare å reparere på eigenhånd er eg ikkje så forsiktig heller. Min engelsk produserte kajakk veg ca. like mykje som ein plastkajakk…og tåler ca. like mykje.

3. Kroppen din

Me skal ikkje bli for kroppsfokusert her, men kajakkar er som sko. Dersom du er høg og bruker str. 45 i sko må du ha ein større kajakk enn kona di som bruker str. 37. Heldigvis er det nokre kajakkprodusentar som har tatt på alvor det faktum at me er skapt forskjellig og at me putter ulike matretter inn i munnen. Difor lagar dei også kajakkane i ulik størrelse. Altfor mange damer kjem «padlande» i store slagskip som burde vore tredd nedover selgaren. Ulempen med ein for stor kajakk, er at den rett og slett blir tatt av vinden og at personen oppi ikkje klarer å gjere noko særleg med det. Irriterande er berre førenavnet.

4. Senkekjøl eller ror?

Vel mi eiga erfaring tilseier at dersom eg skal anbefale ein kajakk til ein nybegynner så må det bli med senkekjøl og ikkje med ror. Grunnen? Ein blir ein betre padlar raskare i ein senkekjølkajakk enn ein rorkajakk. Det er sjølvsagt ikkje slik at dette gjeld om du kjøper eit stort slagskip av ein kajakk og ber om at dei monterer senkekjøl istedenfor roret. Mange produsentar endar nok opp med å sette på eit ror sidan resten av kajakkens form ikkje gjer det mogleg å manøvrere uten. Eg syns kajakkar med britisk design (kort sagt: lågt volum og senkekjøl) er å foretrekke anten du er nybegynner eller erfaren. Take it or leave it, det er iallefall mi meining.

5. Prisklasse

Ønsker du å kjøpe plastkajakk har eg to tips:

P&H, Venture og Riot lager gode kajakker i ulike prisklasser.

Når det gjeld glassfiberkajakkar har eg allereie nevnt at det kanskje ikkje er det du bør velge dersom du har eit stramt budsjett. Ein annan ulempe med å kjøpe ein glassfiber som første båt er kanskje at ein er litt meir redd for ein glasfiberbåt enn ein av plast. Dette kan fort gå utover læringskurva då du kanskje held igjen i mange forhold.

Eg meiner Valley og NDK lagar dei beste kompositt havkajakkane i verda.

Mitt val? NDK Romany, men det er til mitt bruk og fordi min kropp passer den som fot i hose…
Men det er få som ikkje liker ein NDK kajakk. God Tur i Bergen sel desse. www.god-tur.no

Lykke til og pass på å få prøvesitte og helst prøvepadle kajakken. Du skal ha god kontakt mellom deg og kajakken.

Kommentarar ikkje tillat.