Strandhugg

Strandhugg

Bør eg bruke eige utstyr på kurset?

Ja, dette kan vere noko du kanskje lurer på om du melder deg på kurs hos oss. Mange har ikkje eige utstyr og vel å delta på eit padlekurs for å sjå om dette er noko for dei. Då slepp du i grunnen å velge…

Dersom du derimot allereie har kjøpt utstyr vil me generelt anbefale deg å bruke dette på kurs. På kurs med oss vert du godt kjend med kajakken din og du lærer å handtere den. Sidan du kjem til å padle meir etter kurset er det lurt å bli kjend og komfortabel med det utstyret du seinare kjem til å bruke.

Om du er ny og har endt opp med å kjøpe ei wingåre må du være klar over at dette er ei åre som er veldig god til å padle fort med, men duger heller dårleg til mykje anna. Me anbefaler ei standard klassisk åre for nybegynnare. Du må gjerne ta kontakt og høyre med oss dersom du lurer på dette. Me kjem nok og snart til å legge ut ein enkel guide for deg som vurdere å kjøpe utstyr.

Kommentarar ikkje tillat.