|
|
Padlekurs i Rogaland
Då er me klar for ein sesong full av søt padleglede, små krusningar, store bølger og svære opplevingar.
Fleire datoer vert lagt ut etterkvart, det er alltid mogleg å tinge kurs for grupper og bedrifter, ta kontakt!
19.-20.mai – Grunnkurs, Lundsvågen
19.-20.mai – Aktivitetslederkurs, Lundsvågen
25.mai – Oppfriskningskurs (tidligere grunnkursdeltakere)
26.-27.mai – Grunnkurs, Lundsvågen – Fullt!
2.-3.juni – Grunnkurs, Lundsvågen – 2 ledig!
9.-10.juni – Grunnkurs, Lundsvågen – Fullt!
16.-17.juni – Grunnkurs, Lundsvågen
23.-24.juni – Grunnkurs, Lundsvågen
22.-24.juni – Turkurs, Finnøy NYTT
Dersom du ikkje har tatt padlekurs før er det grunnkurs som passer for deg.
Todagerskurs varer vanligvis frå ca. 10.00 – 17.30
Tredagerskurs frå ca. 17.00 – 21.30
Pris:
Kursavgift inkl. utstyr:
2.500,-
Påmelding:
Trykk her for påmeldingsskjema
NB: Me er ikkje så tilgjengelege på mobil for tida, grunnen skyldast rett og slett at leiinga har flytta til ein stad kor det ikkje er særleg dekning på mobilen. Herlig gamaldags. Me er derimot oppe og går på mail, så bruk gjerne det istadanfor telefon.
Datoar for 2012 er lagt ut!
Me legg stadig ut nye datoar. Følg med.
Les meir
Turkurs NYTT!
Bli med på ein kjekk og inspirerande padletur saman med Ryfylke Kajakk 22.-24.juni.
Målgruppe er alle som har gjennomført grunnkurs (nybyrjarkurs) og som ynskjer meir kunnskap og erfaring med planlegging og gjennomføring av turar i havkajakk. Eivind Aadland deler av sine rike turerfaringer, du får mange gode tips saman med verdifull erfaring og moglegheit til å teste dine ferdigheiter i ulike forhold. Turen og vanskelighetsgrad vert lagt opp etter deltakarane som er med. Me kan difor ikkje komme med ein detaljert rute me kjem til å padle, men start vert lagt i Ryfylke, mest sannsynleg på Finnøy. Dette er ikkje ein guida tur, men eit kurs kor du er med som ein aktiv deltakar. turen vert til etterkvart og undervegs vil du lære, mestre og prøve ut gamle og nye teknikkar. Me ynskjer at du er med og deltar i diskusjoner underveis, veivalg og navigasjon.
I løpet av denne helga er me sikre på at du vil lære mykje nyttig, og ikkje minst ha det særs kjekt.
Les mer om turkurset
Oppfriskningskurs
21.mai arrangerer me eit oppfriskningskurs for tidligere deltakere på våre grunnkurs. Kanskje du har gløymt noko av det me gjekk gjennom? Kanskje du har fått øvd inn litt uvaner du ønskjer å bli kvitt? Eller kanskje du berre har lyst å lære litt meir, men ikkje er heilt klar for teknikkurs? Då er dette tingen for deg! Eit tilbod foreløpig forbehaldt dei som har vore på kurs hos oss før. Varighet: Ca. 5 timar. Stad: Lundsvågen.
Pris: 800,- med eige utstyr. 1000,- inkl. utstyrsleige.
Bedrift? – no kan du tinge kurs eller guida tur i 2012!
Dersom du og din bedrift tenkjer på å la oss arrangere tur eller kurs for dykk er det berre til å ta kontakt.
Me har etter fleire års erfaring fått mykje og god erfaring med å arrangere turar og kurs for små og store bedrifter. Som Rogalands største tilbydar av padleglede kan me skreddarsy eit opplegg som garantert vil friste til meir padling.
Les meir
Steinhinkarkurs
Etter stor suksess i år, kjem me i 2012 til å sette opp fleire dagskurs med leik, moro, redningsteknikkar og tauing i krevande forhold som innhold.
Les meir
Lyst å padle, men ingen kajakk?
Me har topp moderne plastkajakkar frå Valley til utleige for fleire dagar og større grupper.
Kajakkane ligg på Jørpeland og må bli henta og levert der.
Les meir
For english click here…
Ryfylke Kajakk er eit entusiastfirma som arrangerer kajakkurs og guida padleturar i heile Rogaland. Me har base i Stavanger og Jørpeland.
Me har hatt rundt 600 personar på grunnkurs sålangt, kanskje du også vurderer eit padlekurs?Eller kanskje du vil ta med dine ansatte på eit annleis eventyr? Sjekk ut sida og datoane for kursa 2012 som ligg lenger nede på sida.
NB: Det løner seg å være tidleg ute, kursa vert fort fylt opp!
Legg gjerne igjen ein kommentar dersom du har noke på hjertet!
Ryfylke Kajakk har prøvd seg på jakt fra kajakk, her får du en liten smakebit fra artikkelen som kommer i Padling.
Meldingen var allerede sendt ut. Kom på middag i kveld. Vi måtte bare padle ut og hente en skarv.
Vi kom oss ut i ellevetiden lørdag formiddag. Med oss hadde vi en dobbelløper, store doser kaffe og kakao samt en solid lunsj. Vermeldingen sa stiv kuling på kysten med regn i kastene. Det siste burde den iallefall sagt. Etter litt veiledning fra en lokalkjent som hadde jaktet mye skarv i sin ungdom følte vi oss nokså optimistiske. Ikke uten grunn, bare fem minutter fra startstedet kunne vi skimte dagens første skarveflokk. En fire-fem stykker satt på et lite skjær utenfor en liten holme. Vi ble mildt sagt gira… (Les resten i neste nummer av Bladet Padling, se www.padlesiden.no)
Ryfylke Kajakk – Nå også tilgjengeleg på mobile apparat (Iphone o.l.)
Me let oss rive med av utviklinga og har lagt støtte for å lese sida vår på slike små mobile dingsar.
Etter stort press frå ei større kundegruppe har me nå altså lete oss dra med..
Dersom teknikarane hos Ryfylke Kajakk har klart oppdraget skal du berre måtte skriva inn adressa ryfylkekajakk.no på mobilen din, og visp så er du klar for.. tja..å lese sida vår på mobilen.
«Et samfunn i vinden» – Teksten står over kommunekartet som heng på ferja, eller båten. For det er ikkje ei vanleg bilferje me tar for å komme over til Utsira. Bildekket er heilt lukka og me byrjar turen med å rygge inn i båten. Å finne kaien kor båten skal gå i frå er heller ingen lett sak, me har rekna god tid, og det trengs. Meg og Raghild Alsvik ender opp med å køyre heilt ut til bommen utan å oppdage at dei bilane som stod parkert på måfå på høyre sida faktisk var ferjekøen. Ikkje kom og sei at ikkje Noreg kan ver eksotisk…
Les meir Rundt Utsira

Trodla-Tysdal siest å være Rogalands mest avsidesliggende gård i drift.
Gården ligger i Hjelmeland kommune og er omringet av 900 meter høye fjell.
I elven som renner forbi gården og ut i Øvre Tysdalsvatn er det både laks og røye.
Dette er en perle å padle til, ta med fiskesnøre og kaffekjel!
Les meir Trodlatysdal
Ryfylkevegen går mellom fjordar og fjell. Frå vegen ser me berre skinet frå skattane som ligg gøymt, for å sjå sjølve skattane må me bort frå vegen og inn i naturen. I ein havkajakk kan ein sige sakte inn under eit rotvelta tre medan to store hegrar sit og fiskar på andre sida av sundet. Ein kjem ikkje nærare vatnet utan å legge på svøm. Dersom ein skulle kome ut for ei regnbyge kjenner ein seg straks liten, ein kan høyre dråpane treffe sjøen og tida staggar liksom litt. Stopp opp, lytt til stilla og merk korleis kajakken smyg seg fram mellom holmar og skjer.
Les meir Padleturar i Suldal
I sommer var jeg og Kristine på padletur på Åland i Østersjøen. På padlekartet vi fikk kjøpt i turistinformasjonen i hovedstaden Mariehamn såg skjærgården imponerende ut med tanke på antall øyer. Kartet med målestokk 1:100000 viste derimot ikke halvparten av alle øyene som dukket opp når vi satte oss i kajakkene. Vi bestemte oss for å ta en tur med utgangspunkt i kommunen Föglö som er lett tilgjengelig fra «fastlandet». Flate øyer, siv i vannkanten, grønt vann, sol fra skyfri himmel og et kompass som ble flittig brukt. Hadde det ikke vært for store mengder mygg hadde vi nok ikke tatt med teltet i kajakken i det hele tatt…
Les resten av artikkelen i neste nummer av bladet Padling som kom ut i midten av september 2010.
Å gå til innkjøp av din første kajakk kan vere vanskeleg, iallefall dersom du ikkje er av typen som bare går for det første du finn i den første butikken du går inn i. Det fins utruleg mange forskjellige merker og modellar å velge mellom. Denne vesle guiden handlar om havkajakkar. Det utelukker alt som ikkje har minst to vanntette skott (for at den skal flyte om du velter) og skikkelig dekksline (i tilfelle uhellet er ute og du må bli redda av ein medpadlar). Guiden representerer mine personlege synspunkt som instruktør og kajakkentusiast.
Det første du må tenke på er:
Les meir Kjøp av kajakk
|
Turforslag Torbjørns beste turtips i Rogaland. Her kan du få inspirasjon til å dra ut på tur!
Les meir...
Ryfylke Kajakk tester kajakker
|